Etne-artist til Øya

Kari Aakra The Magaphonic Thrift med Linn Frøkedal frå Etne i spissen er ein av […]

Kari Aakra

The Magaphonic Thrift med Linn Frøkedal frå Etne i spissen er ein av dei ferskaste namna som står klar til å spela på Øya festivalen 10.-14.august i år.

Frøkedal og Co er av dei fire siste «høglytte norske banda» som i dag blei bekreftar til festivalen i Middelalderparken i Oslo i august. 

Dei er dei nyaste i rekkja av eit allereie stjernespekka program, og  hamnar i selskap med Iggy Pop & the Stooges, Motorpsycho, Susanne Sundfør og John Olav Nilsen og gjengen.

— The Megaphonic Thrift har dei siste par åra hatt eit stadig sterkare rykte som eit av landets mest spanande band innan psykedelisk gitarmoro, heiter det i pressemeldinga med dei siste artistsleppa frå Øyafestivalen.