— For sløvt opplegg

Ivar Teigland Vaka fekk først tilbod frå tysværklubben Stegaberg som spelar i 4. divisjon, men […]

Ivar Teigland

Vaka fekk først tilbod frå tysværklubben Stegaberg som spelar i 4. divisjon, men for 22-åringen som bur i Ølensvåg freista det lite med så lang kjøretur til treningane. Då var det lettare å seia ja til tilbodet frå Skjoldar/Vats 94.

— Nå har eg vore på fem treningar i Vats, og kjenner meg veldig godt motteken i naboklubben. Eg følte at eg var sterkt ønska her, seier den ferske spissen på Skjoldar/Vats 94.

— Kva var gale i Ølen?

— Det møtte ofte berre mellom fem og ti mann på trening, og det var i grunn eit nokså sløvt treningsopplegg. Mange sluntra unna treningar, men fekk likevel spela kamp. I tillegg var det veldig kjedelig når me skulle reisa på bortekamp og få som stilte opp, fortel Espen Vaka.

Ingen trenartype
Han meiner Ølen ikkje har hatt ein seriøs nok trenar, og tar litt sjølvkritikk for sesongen i fjor då 22-åringen sjølv fungerte som spelande trenar.

— Eg er ingen trenartype, og blei berre kasta inn i det. Det blei litt mykje på meg, kjem det frå Vaka.

Han meiner det er eit heilt anna nivå i fotballklubben i Vats.

— Til å vera 5. divisjon er det svært seriøst. Treningane er nøye planlagt på førehand, og me har intense kondisjonstreningsøkter framfor å berre spela fotball heile tida, fortel 22-åringen som i fjor putta 23 mål for Ølen.

Nå håpar han på å spela rein spiss og ikkje ta så mykje ansvar på midtbanen som han såg seg nøydd til i fjor.

Tøft gjort
— Skjoldar/Vats sleit i fjor med avslutningane framfor mål, og eg håpar at eg kan bidra til å forbetra den statistikken, smiler Vaka.

Skjoldar/Vats-trenar Frank Abelseth er einig i at ei hovudutfordring for klubben i fjor var at dei mangla ein som kunne skåra mål.

— Eg synest det var tøft gjort av Espen å gå til naboklubben, og er eigentleg litt overraska over at han gjorde dette valet, kjem det frå Abelseth.

Etter at også midtbanespelaren Jarle Sjurseike er tilbake etter å ha vore i 3. divisjonslaget Skjold i Tysvær eit halvt år, er det god entusiasme rundt laget og i laget.

— Me prøver å driva så seriøst som me kan, men det må samtidig vera kjekt på trening, opplyser Skjoldar/Vats-trenaren.

For lite satsing
Han trur mange i Ølen gjer ein kjempefin jobb, men at det ikkje blir satsa nok på A-laget i fotball.

— Det verkar som om dei ikkje har planar om noko som helst, men berre har eit tilbod til dei som har lyst å spela fotball. Det er litt trist, meiner Abelseth.

Magne Skålnes overtar som hovudtrenar for Ølen denne sesongen etter å ha vore hjelpetrenar i fjor, og stadfestar at det ikkje er noko styrevedtak å satsa på A-lagsfotball. Men han synest det er bekymringsfullt at Vaka drar til ein naboklubb i same divisjon.

Betre enn rivalen
— Eg ville aldri ha tenkt tanken eingong på å plukka spelarar frå ein naboklubb, og eg er litt overraska over at Espen valte å gå, seier Skålnes.

Skrekkscenarioet for den nye trenaren for Ølen er at fleire spelarar følgjer etter Espen Vaka til Skjoldar/Vats.

— Eg har ikkje høyrt noko snakk om det, men Espen er eit stort tap for oss, og me må nok senka ambisjonane for seriespelet litt nå, meiner Skålnes.

Men eit mål blir nå viktig for Ølen sitt fotballag.

— Me skal bli betre i serien enn Skjoldar/Vats 94. Dei har alltid vore erkerivalen vår, og forholdet har ikkje akkurat blitt mindre betent etter at toppskåraren vår gjekk over til dei, kjem det frå Ølen-trenaren.