Frontkollisjon i Skjold

Kari Aakra Like etter klokka 11.30 i dag fekk AMK-sentralen melding om ei trafikkulukke på […]

Kari Aakra

Like etter klokka 11.30 i dag fekk AMK-sentralen melding om ei trafikkulukke på E134 i Skjold. Ein trailer og personbil hadde kollidert, og brannvesen, ambulanse og politi rykka ut til staden, der ein personbil og ein trailer hadde frontkollidert.

 Traileren som var på veg austover og personbilen som var på veg vestover, kolliderte like ved Solheimskrysset. Det var svært glatt og snølagt veg på staden, opplyser operasjonsleiar Torger Stødle ved Haugaland og Sunnhordland Politidistrikt.
— Ut i frå spor på staden har personbilen fått sladd og komme over i motgåande køyrefelt, seier Stødle.

Det var ein mann i 20-åra frå Skjold som førte personbilen. Han blei køyrt til sjukehus i Haugesund for vidare undersøking. Skadane er førebels uvisse, men mannen var medviten. Trailersjåføren skal vera uskadd.

Klokka 17.30 melder politiet at føraren av personbilen er hardt skadd med indre skader og brot. Mannen er operert og tilstanden er nå stabil.