Full klaff med lått og løye

Arne Frøkedal Sandeid UL har vist det mang ein gong før at dei beherskar folkekomedien, […]

Arne Frøkedal

Sandeid UL har vist det mang ein gong før at dei beherskar folkekomedien, og gjorde seg slett ikkje bort då «Badnaskrik og uvennskap» hadde premiere laurdag kveld. 180 gjester i den fullstappa salen i samfunnshuset kosa seg gjennom ein hektisk og replikkrik framsyning.
Det var ein kveld full av gode replikkar, misforståingar på rekkje og rad, og solide skodespelarprestasjonar. Lars Handeland som den pensjonerte bonden Nils-Erik, og Gudrun Svantesvoll som kona Mathilde, var båe sentrale og gode i sine roller, men heile ensemblet på åtte røynde amatørskodespelarar bidrog til nok ein fulltreffar frå Sandeid UL.

Trilogi
Historia er enkel, og humoren så varm og koseleg som den skal vera ein vinterkveld. Det er generasjonsskifte på garden, og gubben får seg ei lita overrasking når svigerdottera Rakel (Hilde Margrethe Owe) får regien i gardstunet.
Postmannen (Karl Otto Endresen) set fart i forviklingane, som gjer at både gamlingen og sonen (Ole Martin Owe) hamnar i «farsskapstrøbbel». Den uvelkomne naboen og ungkaren (Asbjørn Lervik) dukkar opp med si amorøse kvinnehistorie (Martha Gro Kaldheim Håland), og forvirringa er total. Lensmannen (Tor Helge Selvaag) blir kopla inn, utan at det løyser særleg opp i situasjonen.
For dei som har sett dei to førre stykka i trilogien til dei svenske forfattarane Claesson og Skördeman, er figurane kjente, men «Badnaskrik og uvennskap» står godt på eigne bein.

Ros
Arrangøren har jobba godt på alle plan, og kulissar, sminke og kostyme er med og hevar førestellinga. Det same må seiast om lys og lyd. Her fekk publikum ei flott totaloppleving.
Etter teppefall vanka det blomar og ros til alle involverte. Rogaland UL, samt Vikedal UL og Midtbygda var blant gratulantane. Og litt ekstra heider vanka til regissør Jostein Apeland.
— Etter 28 samanhengande år i førarsetet for teatergruppa i Sandeid, fortener Apeland ros. Dei har lukkast med det dei held på med, folk kjem kvar gong og har det kjekt, sa Audun Emil Fatland då han overrekte ein blomebukett til primus motor.
Alt fredag blir det ny sjanse til å sjå den folkelege komedien på ny i Sandeid samfunnshus, før heile ensemblet legg ut på turne til Nesflaten, Sveio og Tysvær.