Folk på Markhus i Åkrafjorden fekk eit blodig og fælt syn fredag morgon. Eit rådyr utan hovud blei funne like ved husa, og spora på staden indikerer sterkt kven som hadde vore på ferde.
— Me er ganske sikker på at dette er gaupe, seier Lars E. Lundal, som tidlegare var handelsmann på Markhus.
Det drepne rådyret blei funne hundre meter aust for butikken hans, der han bur. Lundal fortel at hovudet var bite rett av. Han trur det har skjedd i grålysninga.
— Bodspora synte at hovudet var drege rett opp i bratterrenget frå vegen. Etter spora i snøen å døma, må dette vera gaupe, seier Lars E. Lundal til Grannar.
Femte offer
Friluftsmannen og jegeren frå Markhus har vore tvilande til om gaupa verkeleg opererer i distriktet, og iallfall i Åkrafjorden. Nå er tvilen vekke.
Og dette er ikkje første teikn på at ei eller fleire svoltne gauper trakterer området rundt Markhus. Dei siste 14 dagane er det gjort fire andre funn av rådyrkadaver langs vegen frå Markhus til Miljeteig.
— Dette er spesielt både fordi dette er eit sikker teikn på at gaupa opererer her, men også fordi kattedyret kjem så tett innpå husa. Spora viser at dyret har gått berre 20 meter frå huset vårt, seier Lars E. Lundal.