— Eg håpar vi får såpass mange svar at vi får eit endå betre inntrykk av kva lesarane meiner om produktet. Med det kan vi lage ei endå betre avis, seier Arne Frøkedal.
Det er papirutgåva lesarane no kan kome med ris og ros til, og ikkje minst innspel om kva avis Grannar bør vere. Undersøkinga er på Grannar sin nettstad http://www.grannar.no.
Fornye avisa
Redaktør Frøkedal er klar over at ikkje alle er like aktive på internett, og det blir tatt høgde for når resultatet blir systematisert.
— Lesarane kan ta kontakt med oss på andre måtar også; brev eller ein telefon. Unge er nok mest aktive på nett, men dei er også framtidas lesarar, understrekar han.
Grannar skal i løpet av 2010 fornye seg med eit litt nytt uttrykk i layouten og sjå på stoffmiksen i avisa. Det er det siste lesarane først og fremst blir inviterte til å delta i.
— Det er fem år sidan sist avisa hadde ein tilsvarande gjennomgang, og det er på tide å fornye seg litt. I dette arbeidet er det viktig å få vite kva lesarane meiner.
To veker
Lesarundersøkinga skjer i dei to komande vekene, og den består både av at respondentane kan krysse ut alternativ og kome med sine eigne kommentarar. Blant anna kva ein synest om dagens avis, og kva det bør vere meir eller mindre av, blant anna stoffområde som næringsliv, politikk, kultur og sport.
— Her er det høve til å melde om kva ein saknar i avisa og kva det bør vere mindre av. Eg har inntrykk av at dei fleste har meiningar om Grannar, og i denne undersøkinga har ein sjansen til å formidle det vidare, seier redaktøren.
Ein kan svare anonymt, eller gi opp namn og adresse og vere med på ei trekking av tre gåvekort på 500 kroner kvar. Men uansett blir opplysningar handsama konfidensielt.
— Syng ut om kva du meiner om Grannar og vi skal ta det med oss i utviklinga av avisa, seier Frøkedal.
Den nettbaserte undersøkinga blir lagt ut på grannar.no i dag, og vil vere aktiv i fjorten dagar.
Lesarane på banen
Jon Edvardsen — Eg håpar vi får såpass mange svar at vi får eit endå […]