Tvedten har sett seg lei på korleis partifelle Audun Namtvedt, som styreleiar i Tesdalstiftinga, har behandla forpaktarane på den tidlegare jordbruksskulegarden i Etne, og meiner nå at nok er nok.
— Sjølve konflikten rundt garden vil eg ikkje legga meg opp i, men eg har irritert meg over korleis styreleiaren opptrer i denne saka. Eg meiner stiftinga heller burde ha strekt ut ei hjelpande hand og gått meir stille i dørene, kjem det frå Oddvar Tvedten som i dag er vararepresentant på fylkestinget.
72-åringen var ein av dei sentrale skikkelsane som blåste nytt liv i Etne Frp, men nå vil han ut av lokallaget.
— Grensa er nådd for meg, og når eg ikkje er med i Etne Frp, slepp eg å irritera meg over denne saka, seier Tvedten.
Han undersøker nå om det er muleg å stå som medlem av Frp sentralt utan å vera med i lokallaget i Etne.
— Viss det ikkje går, så må eg berre melda meg heilt ut, opplyser den tidlegare fylkespolitikaren.
Roger Nilsen som er leiar i Etne Frp vil ikkje gi nokon munnleg kommentar til Tvedten si utmelding, men viser til ein styresanksjonert skriftleg uttale der det heiter:«Dersom opplysningane om at utmeldinga er relatert til konflikten mellom paktarane på Tesdal gard og VSBU er korrekt, stiller styret i Etne Frp seg noko undrande til utmeldinga. Styret i VSBU er ei sjølvstendig juridisk eining der styrerepresentantane blir utnemnd av formannskapet, og utover det utøver styret sitt arbeid utan politiske føringar. Styrerepresentantane i VSBU er utnemnd uavhengig av politiske verv eller partitilknyting. Oddvar Tvedten står fritt til å melda seg ut av partiet, men styret i Etne Frp synest det er leit at han vel å gjera det på denne måten.»