Nytt år med strikkhopp

Midnight Sun Bungee Team har søkt om forlenga prøveperiode for strikkhopp i Åkrafjorden. Samferdselsdepartementet har […]

Midnight Sun Bungee Team har søkt om forlenga prøveperiode for strikkhopp i Åkrafjorden. Samferdselsdepartementet har kome med gledeleg svar, som tyder på at det blir ny, luftig strikkhoppsesong frå Trolljuv bru.
— Departementet ber om at Statens vegvesen tar stilling til søknaden. Det blir understreka at det må liggja sterke motargument for eit eventuelt avslag på søknaden, heiter det i svarbrevet frå samferdselsdepartementet.

Strikkhoppentusiast Petter Kvalsvik tolkar det som ei gladmelding.
— Det er jo ikkje hundre prosent sikkert enno, men me tolkar det nærast som om vegvesenet blir pålagt til å seia ja. Nå må me berre følgje opp vegdirektoratet snarast, seier han.

Nasjonale retningslinjer for strikkhopp på det norske vegnettet er under utarbeiding, og er allereie eitt halvt år forsinka.
Kvalsvik har planar for ny utsiktsrampe og andre investeringar i samband med strikkhoppa i Åkrafjorden, men så lenge dei nasjonale retningslinjene uteblir, kan han ikkje setja i gong med planane.

Men nå tyder det meste likevel på at det blir nok ein strikkhoppsesong. I fjor tok om lag 700 hoppet frå Trolljuv bru, etter at det blei opna for hopp 21.juni. 
— Det vil nok bli ein god del fleire i år. Dersom me får klarsignal frå vegvesenet snart, kan me byrja planlegginga tidleg. Me satsar på oppstart tidleg i mai, og vil halda på til midten av september, seier Kvalsvik til Grannar.