— Det er heilt fantastisk. Me er kjempeglade for at me fann ei løysing så snart, og nå har me iallfall eitt problem mindre, kjem det entusiastisk frå Viola Krüger som saman med mannen Ronald forpaktar den tidligare jordbruksskulegarden på Tesdal i Etne.
Sist veke stengte Arbeidstilsynet og Mattilsynet driftsbygningen på Tesdal fordi dei fann det uforsvarleg for både dyr og menneske å opphalda seg i det forfalne bygget frå 1950-talet. Krüger fekk frist til å få dyra ut innan i morgon, og det har hasta med å finna eit anna fjøs til dei 19 drektige mjølkekyrne.
Kontrakt i eitt år
Redninga kjem frå Trond Emblem. Han kjøpte ein gard som ligg på Kaldheim, ikkje langt unna garden som Krüger forpaktar, for tre og eit halvt år sidan. Fjøset har stått tomt sidan då, og Emblem brukar garden som ein fritidseigedom i feriar sidan han bur på Sotra.
— Det er ei stund sidan det har vore aktivitet i fjøset der, men alt som trengs er på plass, opplyser Emblem.
Mjølkekyrne blir flytta inn i fjøset på Kaldheim i dag, og det er uvisst kor lenge dei blir ståande der.
— Me har skrive kontrakt på eitt år i første omgang, men Krüger har ein månad oppseiingstid slik at det er enkelt for dei å flytta kyrne igjen viss dei skulle finna ei anna løysing, fortel gardseigaren på Sotra.
Mange tilbod
For Krüger har det viktigaste nå vore å finna ei mellombels løysing.
— Alt er naudløysingar, og me må berre ta ei veke om gongen slik som ting har utvikla seg, seier Viola Krüger.
Etter at det blei kjent i media at dei to tilsyna hadde stengt garden på Tesdal, har svært mange kontakta Krüger med tips om ledige driftsbygningar.
— I slutten av sist veke ringte telefonen i eitt sett, og folk heilt frå Tysvær har komme med tilbod til oss. Det er veldig oppmuntrande å merka at så mange bryr seg om oss, fortel den tyske forpaktaren.
Provisoriske løysingar
I tillegg til mjølkekyrne er det elleve kalvar og 70 sauer som har halde til i driftsbygningen som nå er stengt. Ein konsulent frå Multiconsult er i dialog med dei to tilsyna for å sjekka om den nordre delen av bygningen kan brukast til sauehald.
— Viss ikkje dette går, har me fått tilbod om å bruka eit sauehus her i bygda. Alt blir provisoriske løysingar, men me skal få det til, kjem det frå Viola Krüger.
Formannskapet i Etne skal i kveld ha eit ekstraordinært møte om krisa på Tesdalgarden. Styret i Stiftelsen Vestnorsk Senter For Bygdeutvikling som eig garden, er innkalla, men ikkje dei tyske forpaktarane.
— Eg har verken lyst eller krefter til å gå på det møtet, så det er ikkje så viktig. Me har hatt nokre samtalar med ordførar og rådmann tidligare, men me forventar ingenting av Etne kommune lenger, seier Krüger.