2009 blei rekordår for Fatland-gruppen, både i produksjon og omsetnad, melder Kjøttbransjens landsforbund.
Den samla produksjonstonnasjen hamna på 34.000 tonn, noko som gav ein omsetnad på nær 2,4 milliardar kroner. I kilo utgjer denne produksjonsveksten 10 prosent, medan det i omsetnad betyr ei auke på 20 prosent samanlikna med 2008.
Også resultatet i 2009 var betre enn året før, men likevel ikkje av dei store. Resultatet hamna på åtte millionar kroner før skatt.
— Me er nøgde med utviklinga sjølv om resultata sjølvsagt skulle og burde vore betre. Men me har god styringsfart med tanke på 2010, seier konstituert konsernsjef Terje Wester i Fatland-gruppen.
— Det er positivt at framgongen er felles for alle anlegga våre, med Fatland Ølen som den med best omsetnadsutvikling i 2009 på 25 prosent, seier Wester til Kjøttbransjes Landsforbund.