Selskapet på Jæren opplyser sjølv på si heimeside at dei har det lågaste pristilbodet på den store veg- og vedlikehaldskontrakten i indre Haugalandet og deler av Ryfylke.
– Årets tredje store kontrakt er på 148 millionar kroner, som er den største enkeltkontrakten i selskapets historie, skriv Risa.
– Dette er ein kontrakt me ikkje har hatt tidligare, men som er strategisk viktig. Me har Haugesund frå før, og nå får me også utvida Risa-landet til Indre Ryfylke, seier assisterande driftssjef Erlend Aksnes på nettsida risa.no.
Aksnes presiserer at den formelle kontrakten ikkje er underteikna. For først skal byggherren, Statens vegvesen, kontrollrekna på dei tre boda som føreligg.
Kontrakten omfattar gjelder 733 kilometer med riks- og fylkesveg, samt gang- og sykkelsti, i blant anna kommunane Vindafjord og Etne. Risa AS skal etter planen overta kontrakten 1. september 2010. Det er statens eige vegentreprenørselskap, Mesta Drift AS som har kontrakten i dag.
Risa AS som held til på Nærbø i Rogaland, omset for rundt ein milliard kroner og har nærare 500 tilsette. Selskapet har ein sterk raudfarge i sin profil og mange av deira køyretøy viser godt igjen i trafikken på Haugalandet.
Diskuter om Risa AS vil gjera ein betre eller dårlegare jobb langs vegane våre enn det som tidlegare er utført.