Skoghogst reddar fuglen

Nordre Ilholmen har vore verna sjøfuglkoloni sidan 1987. Om lag 57 mål av den totalt […]

Nordre Ilholmen har vore verna sjøfuglkoloni sidan 1987. Om lag 57 mål av den totalt 65 mål store holmen i Bjoafjorden er overgrodd av granskog, og dei siste åra har sjøfuglane vore pressa ut på ei smal stripe langs stranda til hekking. Men nå står skogen for fall. Førre veke byrja hogsten, og halve holmen er nå utan skog.

—  På bakgrunn av fugleregistreringar ser me på dette som ein av dei viktigaste sjøfuglkoloniane i heile fjordsystemet.  Her er eitt par hundre silde- og gråmåsar, eit titals fiskemåsar, svartbak, ærfugl og ein god del teist, seier Vegard Ankarstrand i miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland, som nå har sett i verk storstilt operasjon for å betra holmen for hekking.

Det er eit omfattande tiltak som er sett i gang. Hogst og flising av tømmeret står Haugsvik Skog frå Voss for. Og det er truleg av dei sjeldne oppgåvene entreprenøren har fått. Aldri før er eit slikt tiltak gjort på liknande område i fylket.
— Det er nok eit noko eksepsjonelt arbeid som er sett i gang her. Hogst på eit slikt område er knapt nok blitt gjort i Noreg tidlegare, seier Ankarstad.

 cropped 2

cropped 3

Øvste bilde viser holmen slik han såg ut før hogsten tok til, nederst er bildet etter hogsten er i gong. Privat foto.

Les meir i måndagsutgåva av Grannar