TINE-konsernet kom ut av 2009 med ei omsetning på 18,9 milliardar kroner og eit årsresultat på 674 millionar etter skatt. Hovudfaktorane bak den positive utviklinga er kostnadsfokus, god innovasjonstakt og auka sal, skriv selskapet i ei pressemelding.
Omsetninga auka med sju prosent samanlikna med 2008, frå 17,7 til 18,9 milliardar. Dette skriv seg primært frå auka råvarepris på mjølk, oppkjøp og valutaeffekt. Driftsresultatet for TINE Gruppa blei 911 millionar, ein auke på 291 millionar frå året før.
– Me har gjennom eit aktivt arbeid på kostnadssida lukkast med å betra resultatmarginen for 2009. Dette er kontinuerleg arbeid som med store og mindre grep gir resultat på sikt, uttaler konsernsjef Hanne Refsholt.
Merkevarer og innovasjon
Veksten i forbruket var totalt sett god i dei kategoriane TINE er representerte i. Spesielt Biola, yoghurt og matlagingsprodukta bidrog til veksten.
TineMelk selde omtrent på nivå med fjoråret, medan TINE møtte sterkare konkurranse på juice. Dette medførte ein nedgang i juicevolumet på 13 prosent.
– Me ser ei positiv utvikling av våre etablerte merker både gjennom relanseringar og lansering av fleire nyhende. Vår satsing på innovasjon gir resultat og er også en god bidragsytar for resultatet i fjor. I løpet av dei ti siste åra harme lansert merkevarer som i dag omset for 1,2 milliardar kroner, seier Refsholt.