Vald mot politiet for femte gong

  Bakgrunnen for dommen er ei hending i haust då seks politibetjentar frå Ølen, Haugesund […]

Bakgrunnen for dommen er ei hending i haust då seks politibetjentar frå Ølen, Haugesund og Sauda rykka ut til den tiltalte sin bustad for å pågripa han. Politiet hadde då fått varsel frå tiltalte sin nabo om truande oppførsel frå 50-åringen.

Då politibetjentane nærma seg bustaden, opna tiltalte døra, og to av polititenestemennene sprang då fram og tok tak i den tiltalte sine armar for å setja på handjern. Den tiltalte sette seg kraftig til motverje slik at fleire av politibetjentane hamna på golvet saman med tiltalte i det dei kallar eit «møljeslagsmål».

Truslar mot politi

I politiet sin cellebil sparka den 50 år gamle mannen ein av polititenestemennene i foten. I tillegg kom tiltalte med truslar mot politibetjentane i bilen, og borna og ektefellen til ein av betjentane.

Tiltalte var iført handjern og strips rundt oklene då han kom med ytringane. Polititenestemennene opplevde det likevel slik at mannen trua med å drepa dei etter lauslating.

Retten viser til at ytringane må sjåast i samanheng med den fysiske motstanden tiltalte hadde vist ved pågripinga, og dømmer mannen etter paragraf 127 for vald mot offentlege tenestemenn og paragraf 128 for truslar mot offentlege tenestemenn. 50-åringen er domfelt for det same fire gongar tidlegare.

Straffa er utmålt til fengsel i fem månader.