— Me har vanskeleg for å sjå at det kan vera nokon grunn til å gå vidare med pakteforholdet slik situasjonen har blitt nå, sa styreleiar Audun Namtvedt frå Stiftelsen Vestnorsk Senter For Bygdeutvikling til Etne formannskap måndag kveld.
Stiftinga var kalla inn til eit ekstraordinært møte i formannskapet med bakgrunn i den kritiske situasjonen på den tidligare jordbruksskulegarden på Tesdal der Arbeidstilsynet og Mattilsynet stengte driftsbygningen sist veke.
Namtvedt gjekk i detaljar på korleis stiftinga hadde opplevd forholdet til det tyske ekteparet Ronald og Viola Krüger som har forpakta garden på Tesdal dei to siste åra. Han avslutta sitt innlegg med å informera formannskapet om at stiftinga nå ønskjer å seia opp pakteforholdet, og antyda at ein kunne ha dette avslutta på seinsommaren.
Ikkje vedtatt
Ordførar Sigve Sørheim spurte om han meinte alvor, og styreleiaren modererte då det han nokre minutt tidligare hadde sagt i eit ope formannskapsmøte.
— Me må vurdera å seia opp paktekontrakten i lys av det som er komme fram i forholdet vårt til forpaktarane, men det er ikkje eit offisielt vedtak. Me vil gjerne ha advokaten vår på banen først, repliserte Namtvedt.
Ifølgje stiftinga er Krüger gjort kjent med at styret vurderer å seia opp pakteavtalen gjennom eit brev som er sendt til deira advokat.
Les meir om Tesdal-saka i torsdagens Grannar.