Great Garlic Girls til Ølen

Med eit kritikarrost show, og ein enorm garderobe set Terje Schröder, Jonny Nymoen og Dean […]

Med eit kritikarrost show, og ein enorm garderobe set Terje Schröder, Jonny Nymoen og Dean Erik Andersen kursen mot Ølen 1.mai. Dragartistane har hausta strålande kritikkar for sitt nyaste show «Den Store Grand Prix Festen», med 50 artistparodiar på spelelista og nærare 200 kostymeskift i løpet av showet.

Sidan 1981 har Great Garlic Girls turnert heile verda, og la 10.mars ut på ny noregsturne, som skal avsluttast ved finalestart på Melodi Grand Prix.

Grand Prix-parodiane kjem på rekkje og rad frå dei glamorøse drag-dronningane; ABBA, Carola, Bobbysocks, Baccara og Jahn Teigen er berre nokre på den lange lista parodierte artistar under showet.