Må stengja E134 i Skjold

  Stenginga av stamvegen på Liarheia har samanheng med berging av ein stor mobilkrane som […]

Stenginga av stamvegen på Liarheia har samanheng med berging av ein stor mobilkrane som hamna utfor vegen og velta på sida torsdag morgon. Kolossen som ligg på sørsida av vegen, veg 60 tonn.

Haugaland og Sunnhordland politikammer opplyser at berginga vil bli gjennomført natt til fredag, med oppstart tidlegast kl 23.00.

Det vil bli sett inn to tungbergarar og to mobilkranar for å få doningen opp på vegen og på hjula igjen. Redningsselskapet som skal foreta operasjonen, reknar med å bruka mellom fire og seks timar.

Omkøyringsveg

– I denne perioden blir E134 fysisk stengt. Vegtrafikksentralen i Bergen er varsla og vil sørgja for omkøyringsveg for køyretøy under 3,5 tonn via Skjoldastraumen (Rv513 og 515). Omkøyringsvegen vil bli skilta, alternativt manuelt dirigert, opplyser politiet.

Uhellet skjedde i 06.30-tida torsdag, og det er ikkje meldt om personskade i samband med velten.