Saknar du hunden, står den kanskje på eit dyrehospital i Haugesund. Trailersjåføren var på veg gjennom Etne onsdag kveld, då han oppdaga den stakkarslege hunden langs vegen. Han syntest synd på den firbeinte, og tok den like godt med til politistasjonen i Haugesund.
Der er den loggført som «gamal og lat». Hunden er langhåra, svart og kvit, av blandingsrase med innslag av border collie.
– Reglane er slik at den blir avliva etter sju dagar, så nå håper me at nokon saknar den og melder seg, seier lensmann Ingvar Gjærde som håpar på ei gjenforening.