Jon Edvardsen
Vats-bonden fekk 84 av 86 stemmer på årsmøtet til Rogaland Bondelag i, og han avløyser Arna Høyland frå Hå i leiarstolen. Han er rimeleg ny i fylkeslaget der han kom inn i styret i 2009. Trebarnfaren driv gard i Nedre Vats saman med ektefellen Else Berit Vierdal, og dei har ei mjølkekvote på 115.000 liter og 500 slaktegris.
Agronomen har også utdanning i administrasjon, økonomi og leiing frå Høgskulen Stord/Haugesund.
Elles fekk valnemnda det som den ville der Arnstein Gilje frå Stavanger vart attvald som nestleiar, og Stein Pettersen frå Bjerkreim fekk ny tillit i styret, medan Gitte Eidesen er nytt styremedlem frå Nord-Rogaland. Tre andre styremedlemmer var ikkje på val.
Heftig arbeid
Vierdal er samfunnsengasjert og har tidlegare hatt verv både i bondelaget, landbrukssamvirket og lokalpolitikken.
— Det blir nok heftig med mange møte. Rogaland Bondelag har 6.000 medlemmer og er det største fylkeslaget i landet. Vi er difor ein betydeleg faktor i norsk landbruk. Alt kokar ned til at vi må få større inntekt i landbruket og redusere gapet til andre grupper, seier Vierdal.
Viktige merkesteinar for å få det til framover, er jordbruksoppgjeret, landbruksmeldinga og maktutgreiinga om samanhengane i matvarekjeda, meiner han.