Stenging skapar problem

Arnhild Aaen — Dette blir eit kjempeproblem for oss, seier leiar for turnarane i Etne, […]

Arnhild Aaen

— Dette blir eit kjempeproblem for oss, seier leiar for turnarane i Etne, Monica Grindheim, etter at det er klart at gymbygget blir stengt grunna vasskrisa. Fotballen vil også få problem, seier a-lagstrenar Jørgen Øyjord.

Det var på eit møte i slutten av sist veke at kommunen gjekk til det drastiske steget å stengje bygget med gymnastikksal og symjebasseng ved Enge skule på grunn av vass-situasjonen i Etne.
— Vi må avlyse alle treningane våre, då det heiter at ein må ha tilgang til dusj for å trene, så ei stenging er dramatisk for oss, seier Monica Grindheim. Turngruppa i Etne er inne i ein hektisk treningsperiode ikkje minst grunna kretsturnstemne laget skal arrangere i mai.

– Vi har 420 barn og unge som trenar kvar veke, så det er ikkje enkelt å få plass andre stader, seier ho, og håpar på ei snarleg løysing på vasskrisa.

A-laget får vanskar
— At gymsalen blir stengd for trening, vil skape store problem for a-laget, seier trenar Jørgen Øyjord. Han hadde berre så vidt fått greie på avgjerda om stenging då Grannar kontakta han laurdag. Einaste løysing han kjem på i farten, er at oppgrusing av grusbanen, kan bli gjort snart, slik at treninga kan kome i gang der.

Utandørs gym
Rektor Morten Odeen ved Enge skule seier at for skulen sin del kjem elevane til å ha gym utandørs inntil vidare.
— Det er masse snø. Difor bør det vere greitt å finne aktivitetar ein kan fylle desse timane med, seier han. Men han håper også at situasjonen vil betre seg snart.