Vasskrisa avblåst

Kari Aakra — Etne kommune er over vasskrisa for denne gong, og takkar innbyggjarane for […]

Kari Aakra

— Etne kommune er over vasskrisa for denne gong, og takkar innbyggjarane for innsatsen, skriv kommunen i ei pressemelding.

Mildvêret dei siste dagane har ført til at vasstanden i bassenget nå er på normalen.

Det var i førre veke at den prekære vasskrisa nærma seg. Etnesjøen vassverk ville ikkje klart å levera reinsa vatn til alle abonnentane sine denne veka dersom verken mildvêr eller nedbør kom. Kommunen åtvara om at dei måtte levera elvevatn og kokevarsling, om ikkje situasjonen betra seg. Inn byggjarane i sentrum blei sterkt oppmoda til å spara på vassforbruket.