Vikedslabuen Joakim Rønnevik skal forsvara moderklubben NMK Vikedal i finalen. Rønnevik køyrer rallycross junior cup i ein VW Golf 1. I fjor tok han gull i rallycross junior cup og i Vestlandsmesterskapet. Så langt i år ligg han på fjerdeplass i juniorcupen og leiar Vestlandsmesterskapet.
– Det har berre vore litt service på bilen nå sidan me køyrde på Vikedal Motorbane i august, så den er klar, seier Joakim som vonar å avslutta sesongen med eit nytt godt resultat.
Før finalen har han fem poeng opp til bronsemedaljen. Han satsar på ein pallplass, slik at han kan vere med i medaljekampen heilt inn.
– Eg blei nummer to i Skien i den nest siste NM-runden, og eg må nok ha eit nytt slikt resultat om det skal vere snakk om medalje, seier han.
Rallycross banen på Gardermoen er ny for 16-åringen, men han satsar på å førebu seg godt og torsdag set han og teamet kursen austover.
– Då køyrer me med bussen, medan mekanikaren min, Kennet Kaldheim kjem med fly fredag ettermiddag.