I Statsbudsjettet for 2013 som vart presentert i dag, er det lagt til grunn at 2,8 kilometer ny veg forbi Skjold vil koste 399 millionar kroner. Berre for få år sidan var kalkylen 160 millionar.
I det siste har prislappen hoppa i vêret fordi den nye traseen skal ha midtrekkverk. Prosjektet har fått 80 millionar kroner i statsbudsjettet, og arbeidet skal starte opp etter sommaren neste år.
Stordalen før jul
Stordalstunnelen på E134 i Etne har ikkje fått ei krone i statlege midlar neste år. Men både Statens vegvesen og politiske rådgjevar i samferdsledepartementet, Sigrid Brattabø Handegard, legg likevel til grunn at vegprosjektet kjem i gang før jul i 2013.
— Målet vårt er oppstart neste år, men det er Vegvesenet som kan seie noko om når det er mogleg å starte. Vi tar sikte på å leggje fram bompengeproposisjon for Stortinget om kort tid, seier ho.
Stordalen er blant seks opplista større vegprosjekt i statsbudsjettet som regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med. Statens vegvesen har tidlegare varsla at arbeidet er mogleg å kome i gang med mot slutten av 2013.
— Når ein ser det som er på gang og det som er under planlegging på E134, er dette vegsambandet oppe i elitedivisjonen når det gjeld satsing på samband aust-vest. Det er spesielt viktig for næringslivet i regionen, seier Arne Bergsvåg som vikarierer i Finanskomiteen på Stortinget for tida.
E134 Drammen-Haugesund får i statsbudsjettet nærmare 1,9 milliardar kroner i 2013 i samla midlar frå staten og bompengar. Dei store prosjekta er Gvammen-Århus i Telemark og ved Kongsberg i Buskerud.
— Blir Statens vegvesen klar til å starte, blir det oppstart i Stordalen seinhaustes neste år, seier Bergsvåg.
Han meiner det er mange gode nyhende i statsbudsjettet frå dei raudgrøne.
— Kommunane får reell vekst og det er viktig sidan det er der velferda blir sett ut i live. Budsjettet er også godt nytt for det frivillige Noreg, seier han.