2012 var eit godt år med 33 prosent auke i laksefangsten frå året før. Fylkesmannen i Hordaland sin statistikk som nå er offentleggjort, viser at det totalt vart fiska 14.341 kg laks i fylket, fordelt på 10.790 kg avliva laks, og 3.551 kg laks som vart sett ut att.
Samanlikna med 2011 er dette ein oppgang på 4.702 kg (4.103 kg avliva laks). For sjøaure enda sesongen totalt på 2.999 kg sjøaure, fordelt på 2.365 kg avliva sjøaure og 634 kg utsett sjøaure.
Stengde elever
Når ein les tala, må ein ha med seg at fleire elevar var stengt i 2011. To elvar vart igjen opna for fiske i fjor; Omvikdalselva i Kvinnherad og Etnevassdraget i Etne.
— Særleg comebacket av Etnevassdraget bidrog sterk på fangststatistikken for 2012. Totalt bidrog vassdraget med 3.797 kg laks, fordelt på 3.649 kg avliva og 148 kg som vart sett ut att. Det vil sei at 26 prosent av all laks fiska i elv i Hordaland i 2012, vart fiska i Etnevassdraget, opplyser Fylkesmannen.
Andre elver som tok over 1 tonn laks (inkludert utsett laks) var Storelva i Arna i Bergen, Daleelva i Vaksdal og Uskedalselva i Kvinnherad.
Lite sjøaure
Med unntak av 2011 og 2012 sesongen, har det vore ein nedgang i fangstane av laks i fylket dei siste åra. Nedgangen er mindre synleg i statistikken, det skuldast dels at den eldre statistikken er mangelfull, og at det har vore mykje rømt laks i fangstane dei seinare åra.
2.365 kg sjøaure vart avliva i elvefisket sesongen 2012 i Hordaland. Det er det lågaste som er registrert sidan 1993. Men heile 634 kg sjøaure vart sett ut att, slik at totalt fanga sjøaure i elv 2012 var 2999 kg.
Det var Eidfjordvassdraget i Eidfjord som hadde den største fangsten av sjøaure. Totalt fiska dei 642 kg sjøaure i løpet av sesongen, dette var fordelt på 588 kg avliva og 54 kg sjøaure som vart sett ut att.
Stor sjøaure finst i Fjæra, Etne kommune. Her var snittvekta på 2,2 kg. Like bak kjem sjøauren frå Opo i Odda, med snittvekter på 2,1 kg.
Mange av sjøaurebestandane i Hordland er sterkt reduserte, særleg i Midtre Hardanger er situasjonen kritisk. Sjøauren held seg i fjordane heile sommaren og blir påverka av lakselus i heile sjøperioden, skriv Fylkesmannen i Hordaland.