Laget jenter 13 år hos IL Skjoldar er klar for semifinale i A-sluttspelet på Ekebergsletta tidleg på dagen i morgon. Jentene frå Skjoldar møter Øystre Slidre/Rogne i kampen om finaleplass.
Skjoldar har hatt to jentelag i denne aldersgruppa med på Norway Cup, og det andre laget kom til kvartfinale i B-sluttspelet, men måtte gi tapt for Asker.
Jentene som skal spele om plass i finalen i A-sluttspelet, tok tre strake sigrar i puljen, og har hatt hellet med seg i sluttspelet. Åttandedelsfinale mot Driv enda 0-0, og kvartfinalen mot Djerv stoppa på 1-1. Begge kampane vart avgjort med myntkast som gjekk jentene frå Skjoldar sin veg.
I morgon speler dei om finaleplass, og er det laget frå distriktet som har nådd lengst i Norway Cup.