Ein full mann i starten av 30-åra vart beden om å forlate ein serveringsstad i Etne etter å vore plagsam mot gjester og tilsette.
Då han vart ført ut veiva han med armane slik at han slo ein bit av ei tann til ein vakt på staden. Mannen, som vart køyrd heim, kan rekna med å få ein straffreaksjon.
Knappe to timar seinare vart ein mann vist bort frå ein serveringsstad i Ølen fordi han var overstadig rusa.