Uriah Heep rocka lekteren.

Dei britiske hardrockarane i Uriah Heep drog eit solid publikum på Skånevik Bluesfestival torsdag. Foto: Gunnar Langeland

Pangstart i Skånevik

Årets bluesfestival i Skånevik gjekk av stabelen torsdag, og slo til med storkanonene i Uriah Heep allereie på den første av tre festivaldagar.

av Øystein Birkenes

Uriah Heep er eit britisk rockeband som kan skryte på seg meir innflytelse over sjangeren enn dei fleste. Saman med band som Led Zeppelin, Yes og King Crimson pionerte dei den meir progressive, kunstnarisk utfoldande retninga innan rockemusikk på tidleg 1970-tal. I tillegg stod ei rekke norske artistar på scenen torsdagen, blant anna Christina Skjølberg, Eric «Slim» Zahl og D’Accord.

Knallvêr

— Me valte å legge eitt av dei store, utanlandske rockebanda til torsdagen i år, og det fungerte storarta, fortel bluesleiar Alf Warloe Christophersen.
Vêret spelte til dei grader på lag, med temperaturar opp mot 30 grader. Folk stod tett eit godt stykke ut frå scenen, som nytt av i år står under open himmel på ferjekaien i Skånevik, og ikkje under telt som tidlegare.

Lekter fungert bra til nå

— Her var det sol, sommar, masse folk og kjempestemning, akkurat som det skal vere når det er bluesfestival i Skånevik, slår Christophersen fast om den første bluesdagen.
Det var knyta ein del spenning til korleis heile det nye konsertoppsettet, med deler av publikumsarealet lagt til ein sjøbåren lekter, skulle fungere i praksis. Bluesgeneralen var fullt tilfreds med korleis det hadde fungert den første kvelden.
— Det kjem alltid ned til om folk kosar seg og er fornøgde, og det virka det verkeleg som at dei gjorde i går, fortel han. — Nå er det fullt sirkus her fram til søndag, og det er jo ekstra kjekt når vêret endeleg skal innfri i sommar, akkurat i tide til Bluesen, konstaterer Christophersen fornøgd.

Reggae på Bluesen

Av artistanbefalingar trekk Christophersen blant anna fram Admiral P på fredag som noko som folk absolutt bør få med seg. Det er første reggae-artist på bluesen, opplyser han om.
— Og så har du Killer Queen som avsluttar det heile same kvelden, og som berre er heilt utruleg imponerande kvar gong. — Legenden Bobby Rush er årets store trekkplaster for blues-sjangeren, og definitivt eit av høgdepunkta på laurdagen, legg han også til.