Monica Hundseid er kåra til årets nykommar innan norske ekspedisjonsfararar.
ARKIVFOTO
Monica Hundseid er kåra til årets nykommar innan norske ekspedisjonsfararar. ARKIVFOTO

Klatra til topps

Monica Hundseid frå Vikedal er kåra til årets nykommer blant norske ekspedisjonsfararar.

— Eg vart ganske overraska, eg pleier ikkje å vinne noko, seier 23-åringen frå Vikedal til magasinet UTE.

Ho seier samstundes at det er er stas å få fine tilbakemeldingar på det ho elskar å halde på med.

På veg til ny topp

Hundseid har mellom anna kryssa Grønland to gong, gått Noreg på langs og kryssa Nordisbreen i Patagonia. Hundseid er i desse dagar i Nepal, og målet er å nå toppen 6.189 meter høge Island Peak, for å få erfaring til å gå vidare på 8.000-metertoppar i framtida.

Mykje tyder på at ho vil halde fram i mange år framover.

— Eg tenkjer ikkje på når eg skal stifte familie, kjøpe hus eller ta utdanning. Det ligg heilt bak i klesskapet. Det er berre turane eg tenkjer på. Eg er på tur heile tida oppe i hovudet mitt. Når eg ikkje er på tur, planlegg eg nye turar, fortel ho til magasinet.

Ekspedisjonsprisane er eit samarbeid mellom ekspedisjonsreise-verksemda Hvitserk, utstyrsverksemda Fjellsport og magasinet UTE. Prisen Hundseid har vunne består av diplom, heider og ære, og romslege gåvekort.

Suveren vinnar

I juryen si grunngjeving heiter det at vinnaren trass sin unge alder allereie er en erfaren ekspedisjonsfarar. Med ei nærast ustyrleg eventyrlyst har ho allereie lagt bak seg Noreg på langs, Grønland på tvers og spennande turar og opphald i Chile og Alaska.

— Til tross for mange spennande kandidatar i nybegynnar-kategorien, reknar juryen ho for å vere suveren. Me gleder oss til følgje ho vidare på ferda, skriv dei i ei pressmelding.

Tormod Granheim frå Oslo er kåra til årets eventyrar. Han har mellom anna lagt bak seg alle dei 82 toppane på over 4.000 meter i Alpane.