Pronosen offentleggjort av NRK kl 21.00.
BIlde: Skjermdump NRK
Pronosen offentleggjort av NRK kl 21.00. BIlde: Skjermdump NRK

Mot borgarleg fleirtal

Erna Solberg (H) går mot ein ny periode som statsminister i landet. Det viser den første prognosen som blei offentleggjort kl. 21.00.

Dei første valresultata som blei offentleggjort basert på førehandsstemmer, viser eit klart borgarleg fleirtal på Stortinget, 89 mandat for dei fire borgarlege partia mot 80 for motsett side.

Prognosen til NRK viser 27,3 prosent (-3,6) til Ap, Høgre 26,2 (-0,6), Frp 15,7 (-0,7), Sp 9,4 (+3,9), SV 5,7 (+1,6), KrF 4,0 (-1,6), Venstre 4,0 (-1,7), MDG 3,3 (+05) og Rødt 2,6 (+1,5).

Det som framleis er usikkert er KrF og Venstre som ligg like rundt sperregrensa på 4 prosent og som kan endra balansen.

Siste:

Like før midtnatt var både KrF og Venstre over sperregrensa, noko som gir 89 mot 80 i borgarleg favør.

Valets vinnarar er Sp og SV, medan Ap og dei fire borgarlege partia alle går attende frå førre stortingsval.

Førebels prognose for Hordaland viser små endringar i mandatfordelinga. SV er inne med eitt, Ap fire, Sp eitt, Venstre eitt, Høgre fem (fire) og Frp tre (to). Venstre sitt mandat er usikkert.

Mandatfordelinga i Rogaland ser ut til å bli SV eitt (nytt), Ap tre, Sp eitt, KrF eitt (to i dag), Høgre fem (fire) og Frp tre som i dag. Det inneber at Terje Halleland frå Vindafjord er inne på sikker plass for Frp.