ras
Slik ser det ut på ras-staden. FOTO: LIV ASTRID HESJEDAL

Ras ved Skånevik

Ingen har kome til skade.

Det har sundag ettermiddag gått eit mindre jord- og steinras på fylkesveg 48, nokre kilometer aust for Skånevik i retning Tungesvik.

Ingen skal ha kome til skade i hendinga.

Det er framkommeleg for personbilar på staden, men ikkje for buss og vogntog.

Like før klokka 17 kunne Sør-Vest politidistrikt melde at entreprenør er på veg for å rydde opp.