Dette var synet som møtte sauebonde Torbjørn Grindheim ved garden hans på Rame i Stordalen.
FOTO: PRIVAT
Dette var synet som møtte sauebonde Torbjørn Grindheim ved garden hans på Rame i Stordalen. FOTO: PRIVATBilde 1 av 2
Torbjørn Grindheim fann ein av sauene sine flådd på beite i Stordalen.
ARKIVFOTO: IRENE MÆLAND HARALDSEN
Torbjørn Grindheim fann ein av sauene sine flådd på beite i Stordalen. ARKIVFOTO: IRENE MÆLAND HARALDSENBilde 2 av 2

Sauer flådde på beite

Politiet ber publikum om tips etter at to bønder har funne kvar sin sau flådd på beite den siste tida.

For to og ei halv veke sidan var det sauebonde Torbjørn Grindheim på Rame i Stordalen i Etne som fann ein av sine sauer flådd.

— Det var berre skinnet og beingrinda att. Det var gjort av nokon som kan det, fortel han til Grannar.

Andre gongen

Grindheim fortel at han var utsett for ei lik sak for 6 — 7 år sidan. Han synest ikkje det er noko kjekt å vite at det trekkjer folk kring husa hans om natta og som i tillegg ter seg på ein slik måte.

Den aktuelle sauen hadde lam, men det har ikkje gjerningspersonen brydd seg noko om. Spor av slakteutstyr eller bil har ikkje bonden sett.

Etne-bonden tvilar på at politiet vil lukkast med å oppklare saka, men seier han melde ho til politiet i tilfelle det dukkar opp liknande saker.

Ny sak i Vindafjord

Og det har det no gjort. I Vindafjord kommune. Det fortel lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.

— Ein gong mellom den 4. og 11. september har nokon flådd ein sau på fjellet Tjort, mellom Vikedal og Ølmedal, fortel han.

Ifølgje lensmannen tyder alt på at den som har stått for slaktinga har kunne sakene sine også i den saka.

— Politiet vil veldig gjerne ha tips frå publikum i desse sakene, seier lensmannen.