Ein ung mann mista førerkortet i 60-sona i Øvre Vats tidleg måndag.
ARKIVFOTO
Utrykkingspolitiet hadde det travelt med å stanse fartssyndarar i Vats fredag kveld. ARKIVFOTO

Mange køyrde rett i UP-fella på E134

Inga palmehelg utan tradisjonar. Ei heller dei negative.

Utrykkingspolitiet fekk nok ein gong storfangst i samband med påskeutfarten på E134 i Grannar-distriktet.

Mange syndarar

Fredag kveld stilte dei seg opp i 60-sona ved Alvseike i Vats i Vindafjord.

Lovens lange arm fekk god trim. Det vart skrive ute heile 27 forenkla førelegg til fartsglade sjåførar, som kanskje trudde at politiet hadde pakka saman etter at den tettaste trafikken i retning påskefjellet var over tidlegare på ettermiddagen.

87 i 60-sona

— Høgaste fart var 87 kilometer i timen i 60-sona, skriv Sør-Vest politidistrikt på Twitter.