Ifølgje Sør-Vest politidistrikt er det ikkje oppdaga at noko er stole frå skulen, men det er oppretta sak på skadeverk.
Andre gong på få dagar
Det er berre halvanna veke sidan at rektor sist måndag møtte eit knust vindauge, skadar på ei dør og eit kaos av rot på kontoret då han kom på jobb.
Den gongen forsvann det eit mindre pengebeløp.
— Om nokon veit noko om dette, så ønskjer me at dei tek kontakt med oss, seier lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.
Nettbrett-tjuveri ikkje oppklara
For eitt år sidan forsvann det fleire nettbrett frå den same skulen under eit innbrot som enno ikkje er oppklara.