Politiet etterlyser hundeeigar i Vikebygd

Politiet etterlyste ved 6-tida onsdag eigaren til ein boxer-liknande hund som har vore i nærleiken av ei hytte i Krekavegen i Vikebygd i om lag eit døgn.

— Eigar har ikkje meldt seg, opplyser lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor like før klokka 9 torsdag.

Politiet har ikkje vore på staden sjølv, men personell frå eit hundepensjonat har fått kontroll på hunden, som framleis ventar på eigaren sin.