Norsk Kommunikasjonsmyndigheit ser ikkje vekk i frå at stråling frå radaren til bilferja «Matre» slår ut fjernsyn i nærleiken, men må truleg måle meir før dei kan konkludere.
Fem førarar vart tatt for å ha køyrd for fort på E134 på Knapphus måndag kveld. ILLUSTRASJONSFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

17 tatt for høg fart i Åkrafjorden

Utrykkingspolitiet målte farta på trafikantar i Åkrafjorden torsdag.

I kontrollen, som fann stad i 80-sona på E134 ved Viskjer, vart det delt ut 17 forenkla førelegg til sjåførar som har vore for harde på gasspedalen.

— Høgaste hastigheit vart målt til 106 kilometer i timen, melder Sør-Vest politidistrikt.