Tre av fire unge mellom 10 og 18 år speler dataspel, viser ein rapport frå Medietilsynet. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Tre av fire unge mellom 10 og 18 år speler dataspel, viser ein rapport frå Medietilsynet. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Oppmodar unge til å føra opp dataspel på CV-en

Læring gjennom spel er ein aukande trend, og vert stadig meir brukt, både i undervisning og i arbeidslivet. No varslar regjeringa at ho vil løfte fram dataspel som læringsarena.

I ein e-post til NRK skriv kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen at ho vil løfta fram ein inkluderande og tilgjengeleg dataspelkultur.

– Dataspel er ein kulturberar, ein drivar for innovasjon og næring, ein arena for læring og meistring, og ein base for verdifulle fellesskap på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå, kommenterer Trettebergstuen til NRK.

Bemanningsbyrået Manpower har utvikla ei side kor du kan teste eigenskapane du har fått via dataspel og kva for nokre arbeidsplassar kompetansen kan passa til.

Med andre ord kan arbeidsgivarar dra nytte av at søkjaren har gamingerfaring.

Nav oppfordrar unge arbeidslause til å føra opp det dei kallar «spelkompetanse» på CV-en.

– Gjennom gaminga lærer du å planleggja og å følgja ein strategi for å nå måla dine. Du har god teknologisk innsikt og lærer raskt, og er god på å handtera fleire oppgåver samstundes, seier Ane Grythe i Nav Jobblyst til NRK.