Maria som åt nugatti gjekk til topps i Grannar sin fotokonkurranse Sommarbildet 2022.
Foto: Camilla Bjørnevik
Maria som åt nugatti gjekk til topps i Grannar sin fotokonkurranse Sommarbildet 2022. Foto: Camilla Bjørnevik

Bli med på Grannar sin fotokonkurranse

Tradisjonen tru inviterer Grannar også i år til fotokonkurranse, og som vanleg vankar det premie til beste bilde.

Grannar ønskjer å dela flotte sommarminne med lesarane, og oppmodar alle til å ta fram kameraet og knipsa i veg. Kvar veke vil tre bilde bli publisert i Grannar og eitt av bileta vil bli kåra til vekevinnar av ein jury.

I august vil alle vekevinnarane kjempa om tittelen årets sommarbilete, og kven som vinn er det lesarane som avgjer. Bildet som får flest stemmer blant lesarane blir premiert med eit gåvekort på 2.000 kroner på ein valfri butikk.

Fotografane frå to andre innsende bidrag vil også få ei overrasking når konkurransen er over.

Torsdag 29. juni er første publiseringsdato av tre sommarbilete frå fotokonkurransen, ei barneside og ein artikkel der mottakar av sommarblomen vil bli presentert.

— Fotokonkurransen er svært populær, og kvart år får Grannar inn fleire hundre bilete i løpet av sommaren. Folk er engasjerte, seier redaktør Torstein Tysvær Nymoen, som håpar på god respons også i år.

Hugs god oppløysning!

Ein treng ikkje vera erfaren fotograf med det beste utstyret for å kapra gode augeblikk gjennom linsa. Her er det gode sommaraugeblikk som gjeld, og hobbyfotografar kan allereie no byrja å senda inn sine bidrag. Det er viktig med god oppløysing på biletfila, og bileta bør vera på minst 1 megabyte (MB) for å eigna seg på trykk over fleire spalter i papirvisa.

Betre bilete blir det også av liggjande format, så dersom du ønskjer å fotografera med mobiltelefonen din, bør du vippa telefonen din ned slik at telefonen blir liggjande i staden for ståande. Kvar veke blir det i tillegg til vekevinnaren, trekt ut to heiderlege andreplassar som også kjem på trykk. Til slutt blir vekevinnarane samla i ein finale, og publikum skal få avgjera kven som har tatt det beste sommarbiletet i 2023.

Send bileta dine til foto@grannar.no og hugs å få med ein setning om motivet i biletet, og kven eller kva du har tatt bilete av. Hugs også namnet, adresse og telefonnummer på fotografen.