Renate Sævareid er tilsett som journalist i Grannar. Ho tiltrer 1. februar neste år.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Renate Sævareid er tilsett som journalist i Grannar. Ho tiltrer 1. februar neste år. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Renate (33) blir ny journalist i Grannar

Renate Sævareid (33) blir ny journalist i Grannar frå neste år. Ho forlèt samstundes lokalpolitikken i Etne med umiddelbar verknad.

Etnebuen Renate Sævareid tiltrer som journalist i Grannar frå 1. februar neste år. 33-åringen er godt kjent for alle som har hatt sine barn i Småfolk Barnehage i Etne, kor ho har hatt fast stilling dei siste ti åra.  Sævareid er utdanna barnehagelærar, med både bachelor og etterutdanning i faget. Nokon vil også hugse ho som taxisjåfør då ho var yngre.

No bytar ho beite, for å bli journalist.

— Det er eit samfunnsengasjement som ligg i botn for at eg syns det virka interessant å bli journalist. Lokalavisa har stor betydning for lokalsamfunnet, og det blir kjekt å få vere med på å sete dagsorden saman med resten av redaksjonen, seier ho.

Ho er også glad i å snakke med folk, og vil få fram dei nære historiene.

— I denne jobben får eg kombinert dette. Eg gler meg! seier ho.

Ansvarleg redaktør Torstein Tysvær Nymoen ser fram til å få Sævareid med på laget.

— Ho har ein yrkesbakgrunn kor ho over mange år har tileigna seg gode og relevante kommunikasjonsevner i dagleg dialog med både barn, deira føresette og kollegaer. Ho har ikkje journalistbakgrunn, men ho vil få god opplæring. Ho er over gjennomsnittet samfunnsinteressert, og eg kjenner meg trygg på at ho har dei rette personlege eigenskapane som skal til for å utvikle seg til å bli ein flink journalist, seier ansvarleg redaktør Torstein Tysvær Nymoen.

Gir seg i politikken

Renate Sævareid, som er busett med sambuar og to små barn på Fossa i Etne, har frå før utvist mykje samfunnsengasjement som aktiv lokalpolitikar i Etne kommune. I inneverande periode er ho kommunestyrerepresentant for Framstegspartiet. Sjølv om ho ikkje byrjar i jobben som journalist før i februar neste år, fråtrer ho alt politisk virke i Etne allereie frå no av, etter avtale med Grannar-redaktøren.

Med heimel i kommunelova vil ho søkje fritak frå sitt politiske virke i inneverande kommunestyreperiode. Det må ho kanskje gjere på nytt etter valet til hausten. Det heng saman med at ho søkte på den ledige journalist-stillinga etter at vallova sin frist for å søke om å bli stroken frå vallista til haustens kommuneval gjekk ut. Ho vil følgeleg stå oppført på lista for Etne Frp, men deltek altså verken i valkamp eller noko anna politisk arbeid.

Karantenetid

Frå same dag som Sævareid startar opp i journalistjobben, ser ansvarleg redaktør Torstein Tysvær Nymoen det som avgjerande at ho skal eit ha eit halvt års karantene frå å jobbe med generelle lokalpolitiske saker i Etne, og i heile 2024 skal ho ikkje jobbe med saker som angår Framstegspartiet spesielt.

— Når Sævareid ved oppstart i journalistjobben allereie har vore borte frå politikken i om lag åtte månadar, meiner eg at lengda på karantenetida, som då blir på meir enn eitt år, er fornuftig, seier Nymoen.

Redaktøren legg til at det ikkje er uvanleg at ein person forlèt ei politikar-rolle for å bli journalist, og at karantenetid difor er vanleg i mediebransjen.

— Journalisten og redaksjonen si uavhengigheit til kjeldene er avgjerande, og difor er ei slik karantenetid vanleg i norske redaksjonar, og viktig for å bygge tillit hos lesarane, poengterer Nymoen.

Redaktøren legg til at når Sævareid si karantenetid er over, vil Grannar opplyse om Sævareid si tidlegare politiske rolle i saker kor lesaren elles vil kunne så tvil om dobbeltroller, og dermed trekkje journalisten og avisa sin uavhengigheit og truverd i tvil.

— Dette har Grannar tradisjon for, og det er i tråd med Ver varsam-plakaten, som Grannar er underlagt, seier Nymoen.

Punkt 2.2 i Ver varsam-plakaten: «Redaktøren og den einskilde redaksjonelle medarbeidar skal verne om si uavhengigheit, integritet og truverd. Unngå dobbeltroller, verv, oppdrag eller bindingar som kan skape interessekonfliktar eller føre til spekulasjonar om inhabilitet.»

Punkt 2.3 i Ver varsam-plakatenVer open om bakanforliggande forhold som kan vere relevante for korleis publikum oppfattar det journalistiske innhaldet.