Illutrasjonsfoto
Illutrasjonsfoto FOTO: Svein-Erik Larsen

Trafikkulukke i Ølensvåg

Mann i 20-åra er mistenkt for ruskøyring.

Onsdag føremiddag melde politiet i Sør-Vest om ei trafikkulukke ved E134 vest for Ølen. Ifølgje Kari Rørtveit, seksjonssjef ved Etne og Vindafjord politistasjon, skjedde ulukka i Ølensvåg. Det blei ikkje meld om alvorleg personskade, men naudetatane rykte ut til hendinga. På eit tidspunkt blei trafikken ved ulukkesstaden dirigert av politiet. Ein mann i 20-åra er mistenkt for ruskøyring, og hadde ikkje førarkort. Han blei frakta til Haugesund sjukehus. Rett før ulukka fekk politiet melding frå publikum om føraren si atferd og køyring, og politiet har no oppretta sak.