Slik ser farevarselet ut for tysdag. For Etne sin del handlar det om fare for jord- og flaumskred.
ILLUSTRASJON: VARSMOM.NO
Slik ser farevarselet ut for tysdag. For Etne sin del handlar det om fare for jord- og flaumskred. ILLUSTRASJON: VARSMOM.NO

Fare for jord- og flaumskred i Etne

Etne er no med i den ytre delen av farevarsel for jord- og flaumskred i samband med uvêret Hans.

Farevarsel knytt til ekstremvêret Hans som no herjer lengre aust i Sør-Norge er gradvis utvida på nettstaden varsom.no.

Ekstremvêret Hans herjar – nye intense byer i kveld og natt

Det er måndag sendt ut gult farevarsel for jord- og flaumskred også i Etne kommune. Varselet gjeld for tysdag og onsdag.

Det er venta ein god del regn i Etne, mest på tysdag med opp mot 55 millimeter nedbør, ifølgje yr.no

Førebels er ikkje Vindafjord ein del av farevarsla som dominerer nesten heile Sør-Noreg.