Klokka 10.22 fredag fekk politiet melding om brann i ein driftsbygning i Sandeid. Klokka 10.27 var naudetatane på veg til staden, opplyser Politiet i Sør-Vest på X. Kort tid etter oppdaterte dei med at det er snakk om ein eldre driftsbygning som ikkje er i bruk som har brannutvikling. Bygninga ligg eit stykke frå andre bygningar og det er ikkje fare for spreiing. Rett over klokka 12 melder politet at brannen nå er slokke.