Det er gjort funn av E-colibakteriar i drikkevatnet i Etne.
Etne kommune har som ein følgje av dette innført kokepåbod til abonnentar ved Etnesjøen vassverk, melder kommunen på si nettside.
— Drikkevatnet vil bli klorbehandla. Det kan forekomme lukt og smak på vatnet, men dette er ikkje helseskadeleg. Det vil bli sendt ut informasjon når kokepåbodet blir oppheva, melder kommunen.