Ein personbil og ein varebil smalt saman på Saudavegen like ved bensinstasjonen på Knapphus måndag morgon.
Sør-Vest politidistrikt melder om større materielle skadar på bilane, men ikkje personskade.
Det var manuell dirigering på staden ei stund etter uhellet.
— Førar av varebil er meld for brot på vikeplikta, opplyser seksjonsleiar Kari Rørtveit ved Etne og Vindafjord politistasjon.