Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim er gjest i Grannar-podden.
Foto: Rina Aspmo
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim er gjest i Grannar-podden. Foto: Rina Aspmo FOTO: Rina Aspmo

Var ekstremt beskjeden

Det er nesten vanskeleg å tru, men då Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (60) var lita, var ho forferdeleg beskjeden og synest det var vanskeleg å snakka med folk. Det har runne mykje vatn i havet sidan den gong.

I dag er det gjerne slik at ein høyrer ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim lenge før ein ser henne, og noko som kjenneteiknar 60-åringen er den rungande latteren hennar. Ho elskar å prata med folk, spesielt barn, og ho prøver å spandera eit smil på dei ho møter.

— Spesielt etter at eg blei ordførar har eg prøvd å ta meg tid til folk som ønskjer å slå av ein prat, og eg må vel innrømma at det ikkje er like kjapt gjort å handla mjølk og brød som før. Ein handlerunde på butikken tar som regel mykje lengre tid enn før, men eg likar å treffa folk, og eg synest det er kjekt å treffa folk der dei er, seier ho.

Eg hugsar mamma alltid måtte sjekka under dyna mi om det var slangar der

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim

Redd og engsteleg

Det har ikkje alltid vore slik, og i dagens ferske utgåve av Grannar-podden fortel Mette Heidi om den vanskelege tida då ho var lita jente. Den gong var ho i følgje henne sjølv, ekstremt beskjeden. Ho likte ikkje å snakka med folk, og fekk dei besøk heima gøymde ho seg gjerne bak skjørta til mor. Ho var også eit engsteleg barn. Ho var redd for å ta bussen til skulen, ho var einsam på skulen det første året og hugsar stort sett at ho stod åleine på skuletrappa – heile 1.klassen. I tillegg hadde ho ein stor fobi, nemleg slangar og reptilar.

— Eg hugsar mamma alltid måtte sjekka under dyna mi og under senga om det var slangar der, og det er ein fobi eg har dradd med meg inn i vaksenlivet, seier ho, og understrekar at det er ei sanning med ein viss moderasjon. Ho sjekkar ikkje lenger under senga for slangar, men kom ikkje å vift med eit stort bilde av ein hoggorm rett framfor nasa på henne. Då handlar Mette Heidi på impuls.

Varmt og personleg

I dagens episode får lyttarane bli litt betre kjent med kven Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim er – heilt på privaten. Ho fortel om skuletida, som blei betre og betre for kvart år, om tida på vidaregåande skule både i Ølen og i Stavanger der ho utdanna seg til fotpleiar, og lyttarane får også høyra spontanreaksjonen når ho bli konfrontert som «råkøyrar.»

Familien har alltid vore viktig for henne, og ektemannen Ove – og alt arbeidet han har lagt ned i garden dei bur på, snakkar ho varmt om. Ho er også minstejenta i ein søskenflokk på fem som har svært nære og tette band kvarandre i mellom, og dei kjem med eit utsegn som rører veslesøstera på direkten.

Og sjølvsagt får lyttarane eit innblikk i politikarlivet, og korleis ho i si tid valde å bli politikar.

I årets siste podcast-episode, kan folk gle seg til ein fin samtale med Etne-ordføraren i ABC-studio.