I dag er ein ny episode av Grannar-podden ute. Det er ein fotballspesial, kor det blir markert at lokalfotballen rullar igjen. Og ikkje minst at erkerivalane Ølen og Etne i år skal spele i same divisjon igjen. Og dermed, etter nokre år utan, er dei prestisjefylte oppgjera mellom dei to laga tilbake igjen til glede for mange.
I podden treff du vikedalsbu Nils Are Golf som i meir enn ti år har vore trenar for den talentfulle spelargruppa til Ølen IL, som i fjor vann 1. divisjon for G19-lag i Rogaland. Og som i år utgjer stamma i eit Ølen-lag som fort kan blande seg inn i kampen om opprykk til 4. divisjon i år.
Me har også med oss Etne-trenar Iben Skogen som fortel om eit Etne-lag som ei hårete målsetting. Han fortel også om ein spesiell suvenir som Champions League-vinnar og tidlegare Liverpool-spelar John Arne Riise gløymde igjen i Etne, og som no heng i garderoben som eit artig minne etter den forrykande kampen mot Avaldsnes framfor 400 tilskodarar på Etne stadion i fjor.
Og korleis dei to trenar-rivalane ser på dei komande lokaloppgjera mellom erkerivalene får du vite meir om i Grannarpodden, som du kan laste ned gratis frå Spotify og alle dei andre stadane du hentar dine favoritt-pocastar.