— Det er berre til å hiva seg i det, dei fleste får fort meistringsfølelse og god progresjon i starten, seier Rullestad.
Discgolf passar både for unge og eldre, og ofte er det heile familiar som spelar saman. Barn kan gå litt nærare hola om dei vil. I starten anbefaler Rullestad at ein ikkje heng seg opp i kva som kan vera «forventa kast», då desse er laga til spelarar med meir erfaring.
Heile fem banar
I Grannar-distriktet finst det heile fem banar. Alle som ønskjer å testa sine kasteferdigheiter, kan fritt bruka desse banane når det passar.
— Det er først og fremst veldig kjekt og sosialt å spela discgolf, seier Rullestad, som er aktiv innafor miljøet sjølv i Etne.
Banen på Osnes i Etne har blitt mykje brukt. Sidan juli 2022 er det registrert rett under 10.000 rundar. Frå starten av 2024 og fram til april er det registrert 1.900 rundar fordelt på 600 unike brukarar.
— Det er høg aktivitet og mange som brukar banen, seier Rullestad.
Enkle reglar
Reglane for discgolf er enkle. Ein skal kasta disken frå ein utkastplass mot ei metallkorg, der disken til slutt skal enda. Målet er å bruka færrast mogleg kast for å treffa korga. Ved kvar utkastrampe står det kor mange kast ein vanlegvis vil bruka, og kva retning korga er i. Ikkje alle korger er synlege frå utkastplassen, så spelarane må finna ut sjølv korleis dei best kan styra disken.
På appen «UDisc» finn ein ei oversikt over banar rundt om i heile landet. Her kan ein også registrera sine eigne speleomgangar og konkurrera mot seg sjølv eller andre. Dei mest ivrige spelarane reiser gjerne frå bane til bane for å spela.
— Det er kjekt om flest mogleg bruker UDisc, seier Erling Bjarte Rullestad, og legg til at appen gir god statistikk som kan brukast til å søka midlar og liknande.
Skånevik discgolfbane ligg eit lite steinkast frå idrettsplassen. Banen er til saman 1.766 meter lang, og er delt i to. Den kortaste består av 9 hol, og den lengste på 18 hol. Dei to banane går i kvarandre. Skånevik sin bane er den største i distriktet.
— Me håpar banen vil bli brukt både av turistar og fastbuande, har skåneviksbuen Frederic Bull-Tornøe uttalt til Grannar ved eit tidlegare høve.
Floren aktivitetspark ligg rundt to minuttars køyretur frå Bjoa skule når ein kjem frå Ølensvåg. Dei tilbyr i tillegg til discgolf, også fotballgolf. Dette er ein ballsport der ein spelar etter golfprinsippet, men med fotball i staden for golfball, og føtene i staden for køller. Her kan ein spele både individuelt eller som lag. Sporten passar for dei fleste, uansett alder og ferdigheiter.
I tillegg er det to frisbeegolfbanar i Ølensvåg. Den eine ligg oppe i Vågen byggefelt rett ved leikeplassen mens den andre ligg på uteområdet til Lundeneset vidaregåande skule.
Frisbeegolfbanar i distriktet
Namn | Plass | Tilgjenge | Pris | Antal hull |
---|---|---|---|---|
Floren aktivitetspark | Bjoa | Kl. 10-20 eller etter avtale med eigar | 100/50 per dag | 9 |
Osnes discgolfbane | Etne | Alltid opent | Gratis | 13 |
Skånevik discgolf | Skånevik | Alltid opent utanom jaktsesong | Gratis | 18 |
Vågen Frisbeegolfbane | Ølensvåg | Alle spel avsluttast innan kl. 22 kvar dag | Gratis | 12 |
Lundeneset Frisbeegolf | Ølensvåg | Alltid opent, | Gratis | 7 |
Det skal liggja discar ein kan låna ved alle banane.