I studio for å spela inn aller første episode av Grannar-podden. F.v.: Grethe Hopland Ravn, journalist, Lars Øvernes, gjest, og Torstein Tysvær Nymoen, ansvarleg redaktør. 
Foto: Rina Aspmo
I studio for å spela inn aller første episode av Grannar-podden. F.v.: Grethe Hopland Ravn, journalist, Lars Øvernes, gjest, og Torstein Tysvær Nymoen, ansvarleg redaktør. Foto: Rina Aspmo

Ta Grannar-podden med deg på sommarferie

Fellesferie er noko dei fleste ser fram til, og med seg i bagasjen er ofte både bøker, lydbøker og spelelister. I år kan du også få du Grannar-podden med på lasset, med alle episodane samla på ein plass – heilt gratis.

Sidan oktober i fjor Grannar spelt inn 10 episodar av Grannar-podden, og det har blitt til mange timar med gode samtalar.

Mellom anna får du høyra samtalen med Lars Øvernes som har åtte sesongar bak seg i norsk toppfotball. I premieren for Grannar-podden fortel han at ein av opplevingane han hugsar best som fotballspelar er ein elleveil kamp for Etne, mot erkevialen Ølen i 2017.

Lars Øvernes var første gjest i Grannar-podden. FOTO: RINA ASPMO

Elin Tvedt (49) er også gjest i Grannar-podden, og kan sjå tilbake på eit yrkesliv som er litt annleis enn alle andre sambygdingar sitt. I denne episoden får lyttarane innblikk i korleis livet som kjendis faktisk var.

Elin Tvedt gjesta Grannar-podden sist haust. FOTO: Grethe Hopland Ravn

Ser lyst på livet

Ole Magnus Helgevold (48) har vore blind sidan han blei fødd, og i beste fall kan han skimta små sekund av sollys før det blir mørkt igjen. Likevel ser han lyst på livet, og i Grannar-podden får lyttarane bli kjent med sandeidsbuen som er utstyrt med eit vinnande vesen og ein god porsjon sjølvironi.

Ole Magnus Helgevold er gjest i Grannar-podden FOTO: Grethe Hopland Ravn

Larsemann Lundal (81) er hovudpersonen i fjerde utgåve av Grannar-podden og her får lyttarane eit lite djupdykk i livet til fjellentusiasten frå Markhus i Åkrafjorden. Han lever og andar for fjellheimen, og kjem med ei spesiell utfordring til barnebarna.

Larsemann Lundal er gjest i Grannar-podden, der han fortel om livet på Markhus – og Markhusfjella gjennom sine 81 år.
Foto: Grethe Hopland Ravn

I neste episode får lyttarane høyra at då Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (60) var lita, var ho forferdeleg beskjeden og synest det var vanskeleg å snakka med folk. Det har runne mykje vatn i havet sidan den gong.

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim er gjest i Grannar-podden.
Foto: Rina Aspmo FOTO: Rina Aspmo

Fleire kjekke gjester

Solveig Hortman (56) frå Vikebygd var gjest i den første Grannar-podden i 2024. Sørlendingen blei vestlending, ho stortrivst med livet i Vikebygd, og møteplassar for bygdefolket er noko av det ho set høgast.

Solveig Hortman er gjest i Grannar-podden
Foto: Grethe Hopland Ravn

På sjølvaste skotårsdagen var Jarle Nordtveit Åsheim (29) gjest i podden. Han har lagt jobben som fysioterapeut på hylla for å jobba med musikk, omtrent på heiltid. Enten som sjølverklært lærling i ABC-studio, eller som frontfigur i bandet FYK.

Jarle Nordtveit Åsheim, eller «Fyk-Jarle» om du vil, er gjest i Grannar-podden for februar.
Foto: Grethe Hopland Ravn

Då ny fotballsesong stod på trappene i april, var Iben Skogen og Nils Are Golf gjester i studio. Høyr årets første «lokalduell» mellom herrelaga til Etne og Ølen. Her får ein også vita meir om kva John Arne Riise gløymde igjen då han reiste heim frå Etne-tap med strekk i begge beina?

Etne-trenar Iben Skogen (t.v.) og Ølen-trenar Nils Are Golf er gjester i Grannarpodden.
FOTO: GRETHE HOPLAND RAVN

Sommaren står for døra

Mai er russetid, og Ida Marie Hjelmeland frå Skånevik og Vemund Skjæveland frå Klepp Stasjon er raude og blå russepresidentar. Felles for dei begge er at dei er opptatt av at alle skal ha ei god russetid, og rett før russefeiringa braka heilt laus, var dei gjester i Grannar-podden.

Ida Marie Hjelmeland og Vebjørn Skjæveland er russepresidentar på kvar sin vidaregåande skule. I mai var dei gjester i Grannar-podden
Foto: Grethe Hopland Ravn

Då vår blei til sommar var den naturlege gjesten John Kasten Hustveit, som har ein kvilepuls som stig når resten av Noreg sin kvilepuls går ned. Gjennom sommarmånadane kryr det av turistar i Åkrafjorden, og passar den ferske 50-åringen heilt perfekt.

John Karsten Hustveit er gjest i Grannarpodden
Foto: Grethe Hopland Ravn

Her kan du høyra alle episodane av Grannar-podden: