Åkrafjordtunnelen på E134 blir stengt laurdag 7. september.Arkivfoto Arkivfoto: Torstein Tysvær Nymoen
Åkrafjordtunnelen på E134 blir stengt laurdag 7. september.Arkivfoto

Stenger E134-tunnel i to timar for å øve

Laurdag 7. september blir Åkrafjordtunnelen på E134 stengd i to timar på føremiddagen grunna fullskala brannøving, som også inneber at tunnelen blir røyklagt. — Det kan sjå dramatisk ut, seier tunnelforvaltar.

Publisert Sist oppdatert

Denne aktuelle laurdagsføremiddagen blir tunnelen stengt mellom klokka 09.30 og 11.30 på grunn av ei storstilt brannøving som omfattar både naudetatane og Statens vegvesen. Det kjem fram i ei pressemelding frå vegvesenet, som understrekar at øvinga er ein viktig del av det kontinuerlege arbeidet med å sikra eit trygt, effektivt og framkommeleg vegnett.

— Det er eit krav i tunnelsikkerheitsforskrifta at me skal gjennomføre brannøvingar, som er ein viktig del av arbeidet vårt med å sikra tryggleik for alle trafikantar, og for å vera best mogleg førebudde på reelle hendingar i tunnelen, seier Karoline Bakken Bråthen, som er praktisk tunnelforvaltar i Statens vegvesen

525 tunge køyretøy dagleg

Under øvinga vil det bli brukt røykmaskinar for å simulera ein brann inne i tunnelen, noko som kan føra til at røyk blir synleg i området rundt.

— Det er ikkje farleg, men det kan sjå dramatisk ut, legg Bråthen til.

Åkrafjordtunnelen, som opna 15. juli 2000, er 7.404 meter lang og blir i gjennomsnitt trafikkert av 2.100 køyretøy per døgn. Av desse utgjer lange køyretøy, som tungtrafikk, heile 25 prosent, eller rundt 525 køyretøy dagleg.

Skal vere førebudde

Statens vegvesen skriv at slike øvingar er essensielle for å oppretthalde høg sikkerheitsstandard og for å sikre at både naudetatane og vegvesenet er godt førebudde på eventuelle krisesituasjonar som kan oppstå i tunnelen.

Trafikantar som planlegg å køyre gjennom Åkrafjordtunnelen laurdag morgon, blir oppmoda til å merka seg tidspunkta for øvinga og vurdera alternative ruter for å unngå forseinkingar.

Statens vegvesen oppmodar også alle trafikantar om å halda seg oppdaterte på trafikkforholda gjennom tilgjengelege kanalar.

Powered by Labrador CMS