Klokka 16.46 tysdag fekk politiet melding om ei trafikkulykke på E134 i Øvre Vats. To bilar var involvert. Det var berre sjåførar i bilane. Dette opplyser operasjonsleiar Dag Steinkopf i Sør-Vest Politidistrikt.
Begge førarane er på beina og blir tilsett av helse på staden. Det eine køyrefeltet er sperra då Steinkopf snakka med Grannar rundt klokka 17.15.
— Det er ein del trafikk på staden, fortel operasjonsleiaren.
Han fortel at ulykkesstaden er litt nord for Vatsvatnet. Ein tipsar fortel av det er nær eit Gartneri på Sjurseike.
Klokka 17.39 skriv Politiet i Sør-Vest på X at naudetane er på plass og at den eine bilen er fjerna. Trafikken blir dirigert på staden.
18.42 melder politiet at dei er ferdige på staden. Ingen personar er skada, og forholdet blir løyst med ein skademelding.