Fredag klokka 13.40 er politiet er på E134 cirka 600 meter aust for kommunegrensa mellom Vindafjord og Etne. Ein bil har mista ein 17 fots båt i vegbanen. Båten har hoppa av hengaren. Bilbergar er på veg. Trafikken går roleg forbi staden. Dette skriv Politiet i Sør-Vest i Politiloggen.
Klokka 14 var båten borte, og politiet sørga for god trafikkflyt utan nemneverdig kø på staden. Seksjonsleiar Kari Rørtveit ved Etne og Vindafjord politistasjon fortel at båten blei fjerna like før.
14.20 skriv politiet at dei har avhøyrt sjåfør og vitne og opprettar sak på manglande sikring av last.